Slik kan du spare straum!
Luster Energiverk ynskjer å stimulere til energieffektivitet og oppvarming basert på fornybar energi i hushaldningane.
Vi tilbyr våre kundar gode tilbod på varmepumpe nedbetalt over straumrekninga.
Ved avlesing 01.05.2012 vart Erling Bjørnetun og Arvid Vigdal vinnarar av kvar sin tusen-lapp.
Dei vart uttrekt mellom dei som leverer avlesing på SMS eller WEB. Me premierer ved kvar avlesing, og neste gang kan du vere den heldige.
08-05-2012 Les meir
VARSEL OM STRAUMUTKOBLING
P.g.a arbeid på høgspentnettet, vert det straumutkopling på Hafslo mot Veitastrond torsdag 26. april frå ca kl. 09.00 til ca. kl. 14.00. Arbeidet kan bli avslutta tidlegare og nettet må heile tida reknast som straumførande!
24-04-2012 Les meir
EL-Sertifikat. Kva betyr det for deg som straumkunde.
27-03-2012 Les meir
Vinnarar 01.03.2012
Me gratulerer 2 nye vinnarar, Einar Ese og Norvald Moene, uttrekt mellom web og sms avlesingane 01.03. Dei får kvar sine 1000 kroner fråtrekt på straumrekninga.
Me minner om MI SIDE der du finn mange opplysningar om kundeforholdet ditt. Der kan du også legge inn målarstanden.
Kundenr. og pinkode for å komme inn, finn du på faktura.
15-03-2012 Les meir
Vinnarar av gåvekort
2 nye vinnarar av kvar sitt gåvekort på kr. 1000. Emil Bøen og Per Ove Thune vart uttrekt mellom kundar som sende inn målarstand via web eller sms pr. 01.01.2012.
Me gratulerer og minner om at det er nye sjansar 01.03.
07-02-2012 Les meir
Kompensasjon ved straumbrot
Luster Energiverk sine nettkundar kan krevje kompensasjon ved straumbrot over 12 timar. Sjå satsane nedanfor. Dersom straumen kjem og går , vert straumbrotet rekna som samanhengande om straumen er tilbake i mindre enn 2 timar mellom kvart brot. For fritidsbustad kan ikkje kunden krevje meir enn det som er forventa årleg nettleige. Det er NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat ) som har innført ordninga. For å få utbetalt kompensasjon skal kunden sende inn krav til Luster Energiverk AS. Skjema finn de under kundeservice. Her må kunden opplyse om kontonr. som kompensasjonen skal betalast inn på. Satsane er :
- kr. 600 frå 12- 24 timar. - kr. 1400 frå 24-48 timar - kr. 2700 frå 48 - 72 timar.
Vidare + kr.1300 for kvar påbyrja 24-timarsperiode.
Kundar med fleire tilknytta målepunkt kan berre få kompensasjon for 1 målepunkt når det er same hending som førde til straumbrotet.
Skjema finn de under kundeservice
Luster Energiverk tek atterhald om at den ekstraordinære situasjonen kanskje ikkje gjev rett til kompensasjon ved langvarig utkopling i høve stormen Dagmar. Avklaring på dette vil koma like over nyttår.
29-12-2011 Les meir
Lokal energiutredning 2011
Her finn du Lokal energiutredning 2011
22-12-2011 Les meir
Damrehabilitering i Dalsdalen
Sage kraftverk A/S har i sommar drive med rehabiliteringsarbeid på reguleringsdammane til kraftverket. Dette gjeld dammane på Kringlevatn og Smørvivatn i Dalsdalen
21-11-2011 Les meir
Ny økonomi- og adm. leiar.
Gerd Westby Haugen er tilsett som ny økonomi og administrasjonsleiar i Luster Energiverk AS. Ho har jobba i Fjord1 Sogn Billag AS sidan 1984 som økonomisjef, administrasjonssjef og i dag som controller.
31-10-2011 Les meir
Vinnar av gåvekort Lustramarknaden
I samband med vår Energikonkurranse på Lustramarknaden 2011 vart det trekt ut 3 vinnarar av gåvekort på kr 1000,- Vinnarane var Arne Hatlevoll, Hildegunn Øygard Hansen og Carl Anton Larsen.
I samband med stolpeklatring vart 2 av deltakarane trekkt ut som vinnarar av ryggsekk. Desse var Markus Gangdal og Mats Buvik Hauge.
15-06-2011 Les meir
Vinnar av gåvekort for juli-november
Vinnar av gåvekort på kr 1000,- vart Oddvar Walaker 01.juli, Agnar Smedegård 01. september, Oddvar Kronen og Turid Melheim den 01. november 2011. Vinnerar er uttrekt mellom dei av våre kundar som nyttar våre automatiske tenester på telefon eller internett ved målaravlesing.
Me gratulerer og oppmodar samstundes alle våre kundar til å nytte våre automatiske tenester på telefon eller internett ved målaravlesing.
12-01-2010 Les meir
Luster Småkraft
Presentasjon av Vanndøla kraftverk og Kvåle kraftverk
20-11-2009 Les meir
Kvåle kraftverk - offisielt opna
Onsdag 18. november vart Kvåle kraftverk offisielt opna. Under tilsyn av grunneigarane, stod styreleiar i Luster Småkraft AS,
20-11-2009 Les meir
Nyheitsarkiv
04-07-2006 Les meir
















